Ordet vart menneske
1 I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hos Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til. Det som vart til 4i han, var liv, og livet var lyset for menneska. 5 Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det. 6 Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. 7Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset. 9 Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10Han var i verda, og verda vart til ved han, og verda kjende han ikkje. 11Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen før meg, for han var til før meg.» 16 Av hans overflod har vi alle fått, nåde over nåde. 17For lova vart gjeven ved Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne, som er Gud, og som er i fanget til Far, han har synt oss kven han er.
Det gamle og det nye tempelet
13 Det nærma seg no påskehøgtida til jødane, og Jesus gjekk opp til Jerusalem. 14 På tempelplassen fann han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der. 15Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut av heilagdomen, og sauene og oksane med. Myntane til pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira, 16 og til dei som selde duer, sa han: «Få dette ut herifrå! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknadsplass!» 17 Læresveinane hans hugsa at det står skrive: Brennande iver for ditt hus vil tæra meg opp! 18 Då tok jødane til orde og spurde han: «Kan du visa oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?» 19 Jesus svara: «Riv ned dette tempelet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.» 20 Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygd på dette tempelet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?» 21 Men det tempelet han tala om, var hans eigen kropp. 22 Då han hadde stått opp frå dei døde, hugsa læresveinane hans at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt. 23 Medan han var i Jerusalem i påskehøgtida, kom mange til tru på namnet hans, for dei såg dei teikna han gjorde. 24Men Jesus var ikkje fortruleg mot dei, for han kjende alle, 25og han trong ikkje at nokon skulle vitna om mennesket. Kva som budde i mennesket, visste han sjølv.
Jesus og Nikodemus
1 Det var ein mann som heitte Nikodemus. Han var farisear og sat i Rådet til jødane. 2 Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.» 3 Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» 4Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd. 7Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’ 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9«Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10Jesus svara: «Du er ein lærar for Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår. 12Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, {{som er i himmelen}}. 14 Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, 15så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. 18 Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son. 19 Og dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
Jesus og den samaritanske kvinna
1 Jesus fekk no vita kva farisearane hadde høyrt: at han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes. 2No var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans. 3Då tok han ut frå Judea og drog til Galilea igjen. 4Han måtte dra gjennom Samaria, 5 og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket som Jakob gav Josef, son sin. 6 Der var Jakobskjelda. Jesus var sliten etter reisa og sette seg ned attmed kjelda. Det var omkring den sjette timen. 7Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Gjev meg noko å drikka.» 8For læresveinane hans hadde gått inn i byen for å kjøpa mat. 9 «Korleis har det seg», seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødar held seg ikkje saman med samaritanar. 10 Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.» 11«Herre», sa kvinna, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brønnen er djup. Så kvar får du det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?» 13Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.» 15Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.» 16Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom tilbake hit.» 17«Eg har ingen mann», svara kvinna. «Du har rett når du seier at du ikkje har nokon mann», sa Jesus. 18«For du har hatt fem menn, og han du no har, er ikkje din mann. Det er sant, det du sa.» 19 «Herre, eg ser at du er ein profet», sa kvinna. 20 «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» 21Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, den timen kjem då det verken er på dette fjellet eller i Jerusalem de skal tilbe Far. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem», – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han fortelja oss alt.» 26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som snakkar med deg.» 27I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han snakka med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville eller kvifor han snakka med henne. 28Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket: 29«Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?» 30Då gjekk dei ut av byen og kom til han. 31I mellomtida bad læresveinane han: «Rabbi, kom og et!» 32Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.» 33Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?» 34 Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil, han som sende meg, og fullføra hans verk. 35 Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft auga og sjå åkrane, korleis dei kvitnar mot hausten! 36Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. 37Her gjeld ordet om at ‘éin sår og ein annan haustar’. 38Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidd med. Andre har arbeidd, og de har gått inn i arbeidet dei har gjort.» 39Mange av samaritanane frå den byen tok til å tru på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.» 40Og då samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hos seg, og han vart verande der to dagar. 41Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord, 42 og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa, for vi har høyrt han sjølve. Og vi veit at han verkeleg er den som skal frelsa verda.»
Fullmakta til Sonen
16 Jødane tok til å forfølgja Jesus fordi han hadde gjort dette på sabbaten. 17 Men han sa til dei: «Far min arbeider til denne dag. Også eg arbeider.» 18 Etter dette var jødane endå meir oppsette på å drepa han. Ikkje berre braut han sabbaten, men han kalla òg Gud sin eigen far og gjorde seg sjølv lik Gud. 19 Då tok Jesus til orde og sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, berre det han ser Far gjera. Det Far gjer, det gjer Sonen like eins. 20 For Far elskar Sonen og viser han alt det han sjølv gjer. Og han skal visa han større gjerningar enn desse, så de skal undra dykk. 21 For slik Far vekkjer opp dei døde og gjer dei levande, slik gjer òg Sonen levande kven han vil. 22 Og Far dømmer ikkje nokon, men han har gjeve heile dommen over til Sonen, 23 så alle skal æra Sonen slik dei ærar Far. Den som ikkje ærar Sonen, ærar heller ikkje Far, han som har sendt han. 24 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet. 25 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Det kjem ein time, ja, han er alt komen, då dei døde skal høyra røysta til Guds Son, og dei som høyrer, skal leva. 26For slik Far har liv i seg sjølv, har han òg gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv, 27og han har gjeve han fullmakt til å halda dom fordi han er Menneskesonen. 28De må ikkje undra dykk over dette. For det kjem ein time då alle dei som ligg i gravene, skal høyra hans røyst. 29 Og dei skal koma fram; dei som har gjort det gode, skal stå opp til livet, men dei som har gjort det vonde, skal stå opp til dom. 30 Eg kan ikkje gjera noko av meg sjølv. Eg dømmer etter det eg høyrer, og dommen min er rettferdig. For det er ikkje min eigen vilje eg vil fremja, men hans vilje som sende meg.
Brødet frå himmelen
22Dagen etter stod det endå mange menneske att på andre sida av sjøen. Dei hadde sett at det var berre éin båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten saman med læresveinane; dei hadde fare av stad åleine. 23 No kom det nokre båtar frå Tiberias og la til nær den staden der Herren hadde bede takkebøn og dei hadde ete brødet. 24Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og fór over til Kapernaum og leita etter Jesus. 25Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: «Rabbi, når kom du hit?» 26Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De leitar ikkje etter meg fordi de såg teikn, men fordi de åt av brøda og vart mette. 27 Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Far, Gud sjølv, sett sitt segl.» 28Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» 29 Jesus svara: «Dette er den gjerninga Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» 30 «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva vil du gjera? 31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som det står skrive: Brød frå himmelen gav han dei å eta.» 32Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet.» 35 Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta. 36Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje. 37 Alle dei som Far gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort. 38 For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, han som sende meg. 39 Og det han vil, han som sende meg, er at eg ikkje skal mista nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen. 40For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.» 41Jødane murra mot han fordi han sa: «Eg er brødet som er kome ned frå himmelen.» 42 Og dei spurde: «Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far hans og mor hans. Korleis kan han då seia at han er komen ned frå himmelen?» 43Jesus svara: «Hald opp med denne murringa! 44Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 45 Det står skrive hos profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Far og lærer av han, kjem til meg. 46 Men ingen har sett min Far. Berre han som er frå Gud, har sett Far. 47Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur, har evig liv. 48Eg er livsens brød. 49 Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde. 50Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr. 51Eg er det levande brødet som er kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er kroppen min som eg gjev til liv for verda.» 52No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss kroppen sin å eta?» 53 Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Dersom de ikkje et kroppen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. 54Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 55For kroppen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. 56 Den som et min kropp og drikk mitt blod, blir verande i meg og eg i han. 57Slik den levande Far har sendt meg og eg har liv ved han, slik skal òg den som et meg, ha liv ved meg. 58Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen. Det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.» 59Dette sa han medan han underviste folket i synagogen i Kapernaum.
Jesus, lyset i verda
12 Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.» 13 Farisearane sa til han: «Du vitnar i eiga sak, vitneutsegna di er ikkje gyldig.» 14Jesus svara: «Om eg vitnar i mi eiga sak, er vitneutsegna mi gyldig likevel. For eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg dreg. Men de veit korkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg dreg. 15 De dømmer slik menneske gjer; eg dømmer ingen. 16Men om eg dømmer, så er dommen min gyldig. For eg er ikkje åleine, eg er saman med Far, han som har sendt meg. 17 Og i dykkar eiga lov står det skrive at ei vitneutsegn frå to menneske er gyldig. 18 Eg er den som vitnar om meg sjølv. Far som har sendt meg, vitnar òg om meg.» 19 «Kvar er far din?» spurde dei. Jesus svara: «De kjenner verken meg eller Far min. Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg.» 20 Dette sa Jesus medan han sat og underviste ved tempelkista. Men ingen la hand på han, for timen hans var endå ikkje komen.
Mannen som var fødd blind
1Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. 2Læresveinane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?» 3 Jesus svara: «Verken han eller foreldra hans har synda. Men no kan Guds gjerningar bli openberra på han. 4 Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida. 5 Så lenge eg er i verda, er eg lyset i verda.» 6 Då han hadde sagt det, spytta han på jorda og laga til litt leire av spyttet og smurde på auga til mannen. 7 Så sa han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen!» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå. 8Naboane og dei som før hadde sett at han var tiggar, sa då: «Er ikkje dette han som sat og tigga?» 9«Jau, det er han», sa somme. Andre sa: «Nei, men han liknar.» Sjølv sa han: «Det er eg.» 10«Korleis vart auga dine opna?» spurde dei. 11Han svara: «Den mannen som heiter Jesus, laga til litt leire og smurde på auga mine og sa: ‘Gå til Siloa-dammen og vask deg!’ Eg gjekk dit, og då eg hadde vaska meg, kunne eg sjå.» 12«Kvar er denne mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje», svara han.
Den gode gjetaren
7Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei. 9Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. 10Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod. 11 Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. 12Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. 14 Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar. 17 Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake. 18Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.» 19 No vart det på nytt usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt. 20 Mange av dei sa: «Han har ei vond ånd i seg, han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?» 21Andre sa: «Slik talar ikkje ein som har ei vond ånd i seg. Ei vond ånd kan vel ikkje opna auga på blinde?»
Jesus talar om at han skal døy
20 No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida. 21Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» 22 Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. 23 Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. 24 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. 25 Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. 26 Den som vil tena meg, må følgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, skal Far min æra.
Eit nytt bod
31Då han hadde gått, sa Jesus: «No lyste Guds herlegdom om Menneskesonen, og herlegdom lyste om Gud gjennom han. 32 Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han. Ja, snart skal Guds herlegdom lysa om han! 33 Endå ei lita stund er eg hos dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg, men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma. 34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35 På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»
Vegen, sanninga og livet
1 Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! 2 I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? 3 Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4Og dit eg går, veit de vegen.» 5Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg. 7 Har de kjent meg, skal de òg kjenna Far min. Frå no av kjenner de han og har sett han.» 8Filip seier til han: «Herre, syn oss Far, det er nok for oss.» 9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Far. Korleis kan du då seia: ‘Syn oss Far’? 10 Trur du ikkje at eg er i Far og Far i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Far som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg: Eg er i Far og Far i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur på meg, skal gjera dei gjerningane som eg gjer, ja, større gjerningar enn dei, for eg går til Far. 13 Og det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal bli herleggjord gjennom Sonen. 14Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.
Lovnad om Den heilage ande
15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: 17Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. 18Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. 21Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.» 22 Judas – ikkje Judas Iskariot – seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara: «Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og den som elskar meg, skal Far min elska, og vi skal koma og ta bustad hos han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og ordet de høyrer, er ikkje frå meg, men frå Far, han som har sendt meg. 25Dette har eg sagt dykk medan eg enno er hos dykk. 26 Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk. 27 Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause! 28 De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Far, for Far er større enn eg. 29 No har eg sagt dykk dette før det hender, så de skal tru når det hender. 30 Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk, for han som herskar over denne verda, kjem. Han har inga makt over meg. 31 Men for at verda skal skjøna at eg elskar Far, og fordi Far har bode meg det, gjer eg som Far seier. Reis dykk, lat oss gå herifrå!
Det sanne vintreet
1Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. 7 Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. 8 For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar. 9 Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, slik eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk og gleda dykkar kan bli fullkomen. 12 Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!
Jesus bed for alle sine
1 Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa: «Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4 Eg lét herlegdom lysa om deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5 Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til. 6 Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt. 7No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. 8 For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot og verkeleg forstått at eg har gått ut frå deg, og dei har kome til tru på at du har sendt meg. 9Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg, for dei er dine. 10 Alt mitt er ditt, og det som er ditt, er mitt, og eg har vorte herleggjord gjennom dei. 11 Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt. 12 Då eg var hos dei, heldt eg dei fast i ditt namn, det namnet som du har gjeve meg. Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan fortapingssonen, så Skrifta skulle oppfyllast. 13 No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål. 14 Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, slik eg ikkje er av verda. 15 Eg bed ikkje at du skal ta dei ut av verda, men at du må vara dei frå det vonde. 16Dei er ikkje av verda, slik eg ikkje er av verda. 17Helga dei i sanninga, ditt ord er sanning. 18 Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. 19 Eg helgar meg for dei, så dei òg skal helgast i sanninga. 20Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21 Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt: 23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi du elska meg før verda vart grunnlagd. 25 Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. 26Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei og eg sjølv kan vera i dei.»
Jesus blir krossfest og døyr
28 Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: «Eg er tørst.» 29 Det stod eit kar med vineddik der. Av den vinen fylte dei ein svamp som dei sette på ein isopstilk og heldt opp til munnen hans. 30Då Jesus hadde fått vineddiken, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut. 31 Det var helgaftan, og kroppane måtte ikkje bli hangande på krossen over sabbaten, for denne sabbaten var ein stor høgtidsdag. Difor bad jødane Pilatus at beina deira måtte knusast og kroppane takast ned. 32Soldatane kom då og knuste beina, først på den eine og så på den andre som hadde vorte krossfeste saman med Jesus. 33Då dei kom til Jesus, såg dei at han alt var død, og dei knuste ikkje hans bein. 34 Men ein av soldatane stakk han i sida med eit spyd, og straks rann det ut blod og vatn. 35 Og han som såg det, har vitna om dette, og vitneutsegna hans er sann. Han veit at det han seier, er sant, så de òg skal tru. 36 Dette hende for at dette ordet i Skrifta skulle oppfyllast: Ikkje eit bein skal brytast på han. 37 Og eit anna skriftord seier: Dei skal sjå på han som dei har gjennomstunge.
Jesus syner seg for læresveinane
19 Det var om kvelden same dagen, den første dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 20 Då han hadde sagt det, viste han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. 21 Igjen sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.» 22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande! 23 Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.»